Nyheter

Blogginnlegg: Involver urbanistane!

Blogginnlegg: Involver urbanistane!

Byplanleggjar Hanna Maria van Zijp er aktuell med innlegg om #SafeCity under Urban Future Global Conference: "Mange kjenner seg utrygge i Oslo. Men det finst løysingar dersom byrådet forstår verdien av byutviklingskompetanse."

Denne veka kjem byutviklarar frå heile verda til Oslo for å delta på Urban Future Global Conference – verdas største konferanse for berekraftig byutvikling. Her bidreg svært kompetente fagpersonar som med éin ting til felles: å bidra til å utvikla trygge, inkluderande byar. God byutvikling kan nemleg skapa tryggleik for alle – dersom urbanistane får lov.

Størsteparten av verdas befolkning bur i byar, kor dei sosiale ulikskapen aukar. Nyare forsking frå blant anna Transportøkonomisk institutt, Statistisk sentralbyrå og Politiet viser at kvinner kjenner seg meir utrygge enn menn i offentleg rom. I Oslo er tala nedslåande. 51 % av kvinner og 13 % av menn fryktar seksuell trakassering i byen. 61 % av kvinner og 47 % av menn kjenner seg utrygge i sitt eige nabolag*). Dette er ikkje berre skremmande tal – det er ein av konsekvensane frå ein gammaldags måte å tenkja byutvikling på.

Patriarken

Dagens byar har i stor grad blitt planlagt og bygt av og for velståande kvite menn. Modernistisk byutvikling dominerte i mellom- og etterkrigstid, kor målet var å skapa eit meir moderne samfunn. Den sveitsiske arkitekten Le Corbusier (1887–1965) har hatt enorm innvirkning på denne typen byutvikling. Hans byplanmessige designprinsipp har prega byar over heile verda. Le Corbusier si målgruppe var patriarken som skulle forsørga ein kjernefamilie. Patriarken skulle reisa effektivt i sin eigen bil frå bustaden til arbeid, kor han skulle bidra i offentleg debatt og samfunnsutvikling.

Ein by for alle

Denne mannsrolla og måten å byggja by på, er utdatert. Nå vil me skapa inkluderande byar og byrom der alle kan bidra. Me må endra perspektivet og skapa nye byplanmessige prinsipp med ei mykje større målgruppe. Derfor blei det i går heldt fleire innlegg under temaet «A city for all» under Urban Future Global Conference. Byutviklarar frå USA, Mexico og Noreg presenterte ulike utfordringar og vinklingar på den inkluderande byen. Mitt innlegg om #SafeCity handla om vår metodiske tilnærming til berekraftig byutvikling, kor kvinner si subjektive oppleving av tryggleik, er utgangspunktet.

Likestillingsperspektivet på byutvikling

Kvinner sin tilgang til mobilitet og tryggleik er nøkkelen til berekraftig byutvikling, fordi det vil gjera sykkel og gange tilgjengeleg for alle, sikra at alle kan bruka byen og leggja til rette for at fleire brukar kollektivtransport. Me ser på korleis urban design og byplanlegging kan betra tryggleik for alle. Med fokus på byutvikling som inkluderer det kvinnelege perspektivet, kan me setja ein ny standard for tryggleik og sosial berekraft i framtidas byar.

Prinsippa handlar om:

  • Augo: god oversikt og moglegheit for å bli sett. Byrom må vera plassert der folk går, ha sitjeplassar og folk som ser deg
  • 24/365: aktivitetar og liv utanom opningstidene til butikkane. Sosial interaksjon gir tryggleik
  • Korrekt lyssetjing: lys må sørgja for at ein både kan sjå og bli sett. God lyssetting på mørke stader, som snarvegar for gåande, blindvegar og endegavlar
  • Kjensla av eigarskap: både reell og opplevd, som bidreg til at ein ønskjer å ta ansvar for området eller byrommet.
  • God flyt: å fjerna barrierar og redusera trafikken vil vera til beste for alle typar fotgjengarar. Breie fortau, tilrettelagt for mjuke trafikantar. Ein må også etablera eit samanhangande bygolv kor det er attraktivt å gå
  • Landskapsutforming og design – som reduserer mørke krokar og bidreg til å skapa trivsel. Vegetasjon må vera attraktiv og skapa oversikt.

Tryggleik er samfunnsutvikling

Me trur det at å skapa trygge byar vil bidra til samfunnsutvikling, fordi tryggleik gir fridom, til å bevega seg der ein ønskjer, reisa til og frå jobb, henga i offentleg rom og delta i samfunnet. Og sidan mange byar nå slit med utrygge nabolag, har me gjort fleire såkalla tryggleiksrenoveringar. I Danmark har me gjennomført fleire prosjekt basert på denne metodikken. Bustadområdet Bispehaven utafor Århus stod på det danskane kallar ghettolisten, og var av dansk politi rekna som det mest utrygge nabolaget i landet. Bygt i 1970, var Bispehaven eit monofunksjonelt modernistisk distrikt med tilbaketrekte kjellarar, skjulte inngongar, aude gangstiar og eit stort parkeringsområde under bakken. Sidan parkeringskjellaren var av bebuarane rekna som det mest utrygge området i Bispehaven, etablerte me eit heilt nytt bakkeplan som hadde kontakt med uteområdet. Me laga byrom tilpassa nærområdet, fjerna vegetasjon som blokkerte oversikt. Ein heilskapleg arkitektonisk transformasjon skapar nye rammer for menneska som bur der. Etter renovasjonen ble Bispehaven fjerna frå den såkalla ghettolisten. Eigedomsverdien steig med 50 prosent, til beste for bebuarane som allereie bur der.

Det går an å tenkja tryggleik frå første stund også. I Ski øst, sør for Oslo, har me laga ein en heilt ny bydel basert på tryggleik, kor bilen er gjest og den mjuke trafikanten får bevega seg fritt. Målgruppa er alle menneske i ulike familiesituasjonar, som får gode møteplassar og vellukka overgangar mellom offentleg og privat rom. Hele bydelen er skapt ut frå kvinners og barns perspektiv.

Byutviklarar kan ikkje gjera alt for vår kollektive tryggleik. Alle som kjempar mot kriminalitet veit kor komplekst problemet er. Men det går an å redusera utryggleik ved å gjera urbane grep. Det forutset ikkje berre ei metodisk tilnærming til berekraftig byutvikling, kor kvinner si subjektive oppleving av tryggleik er utgangspunktet. Det forutset også at Oslo kommune og politikarane etterspør byutviklingskompetanse. Oslo, du treng ingeniørar, arkitektar og landskapsarkitektar. Men du treng også urbanistar med eit heilskapleg blikk på tryggleik i by.

*) Transportøkonomisk institutt (2018). «Opplevd utrygghet i Oslo. Erfaringer og resultater fra en kartbasert spørreundersøkelse. TØ-rapport: 1642/2018.» Ingebrigtsen, Ciccone, Fyhri & Frislid Meyer.

Kontaktperson

Hanna Maria van Zijp
Urban LINK, Byplanleggjar
Mob:
47 403 25 543
hvz@linkarkitektur.no